Prosjektleiing og rådgjeving i Sogn og Fjordane

Skal bedrifta di i gong med eit prosjekt eller har behov for rådgjeving på konkrete fagfelt?

Favna Sogn kan bidra som prosjektleiar og rådgjevar for dei områda der kompetansen og ressursane ikkje strekk til internt.

Favna som prosjektleiar og rådgjevar

Erlend Fardal Lunde kan bidra som prosjektleiar og rådgjevar innafor ei rekke fagfelt for bedrifta di. Erlend har brei kompetanse og kan bidra på ei rekke konkrete område. Han har bakgrunn frå mellom anna hotell og reiseliv, leiarskap, næringseigedom og bedriftsutvikling. Alle prosjekt er ulike, anten dei går over nokre få dagar eller over lengre periodar. Me tilbyr prosjektleiing på fastpris for konkrete oppdrag eller på timepris i dei tilfella der oppdragsmengde og varigheit er uklart.

Favna som prosjektleiar og rådgjevar kan bidra med

Langsiktige prosjekt med konkret måloppnåing

Strategiarbeid for team og tilsette

Prosess for endring og effektivisering i bedrift

Prospekt og skissearbeid for prosjekt og konsept

Utarbeide søknadar om prosjektmidlar

Etablering av selskapsdokument og avtalar

Slik fungerer det

Uforpliktande samtale

Etter at du har kontakta oss, vil Favna gjennomføra ein uforpliktande samtale med deg og bedrifta di. For oss er det viktig å finna eit grunnlag for samarbeid, og ei felles forståing for retning og måloppnåing. I etterkant av møtet utformar me ei skildring av oppdraget som dannar grunnlag for løysingsforslag som kjem i tilbodet frå oss.

Tilbod og løysingsforslag

Favna vil innan kort tid sende eit tilbod som redegjer for ressursbruk og kostnad. I løysingsforslaget vil me presentera korleis me ser for oss å bidra på best mogleg måte. Forma, innhaldet, rammene, framgangsmåten, formålet og aller helst med eit resultatmål som er målbart.

Gjennomføring

Oppdraget vert sett i gong. Alt dokumenterast og framdrift skjer etter plan. Det gjerast fortløpande vurderingar og evalueringar undervegs. Då sikrar me at den opphavelege planen framleis er beste veg til målet. Det er du og bedrifta di som ved oppstart av oppdraget stiller krav om tid og omfang av rapportering og møtestruktur.

Evaluering

Ved å gjera evalueringar undervegs, er det enklare å gjera ein heilskapsvurdering ved endt oppdrag. Det gjerast ei vurdering på prosessen, metoden og Favna sin fagressurs, opp mot framtidsmål. For Favna er det viktig at oppdraget har verdi for deg som kunde, og at det me leverer som sluttprodukt er i tråd med dine visjonar.

Våre ressurspersoner

No items found.

Lyst å ta ein prat?

Referansar

Bjørn Lødemel

“Sogn og Fjordane Næringsråd har samarbeida tett med Erlend Fardal Lunde ved fleire høve. Mellom anna i planlegg og gjennomføring av Generalforsamlinga vår i Balestrand i mai 2024. Vi har også hatt samarbeid om organisasjonsutvikling og diverse prosjektarbeid om det same tema.

Sogn og Fjordane Næringsråd er godt nøgd med det samarbeidet vi har hatt, og særleg det arbeidet Erlend gjorde med planlegging og gjennomføring av Generalforsamlinga vår på Kviknes Hotel i Balestrand i mai 2024. Der var Erlend både programleiar og leia dei politiske debattane på ein god, effektiv og konstruktiv måte.

Sogn og Fjordane Næringsråd ser fram til å samarbeide vidare med Erlend dersom tilhøva ligg til rette for det.”

Irene Hamre

"Erlend har holdt foredrag og innlegg etter forespørsel fra NAV Bergen. Vi har arrangert jobbmesser for ungdomsgrupper, hvor hans budskap skaper en «gnist» hos deltakerne. Tilbakemelding fra deltakerne: «hans åpenhet og engasjement, inspirerte og motiverte oss. Ble veldig nysgjerrig på bransjen.» Erlend er en dyktig formidler og klarer å fange oppmerksomheten og begeistrer både arbeidssøkerne og oss i NAV. Vi trenger samarbeidspartnere som har troen på arbeidssøkerne uansett bakgrunn og som ser muligheter fremfor begrensninger."

Rasmus Mo

“Erlend Fardal Lunde har i heile sitt yrkesaktive liv, vist stort mot til å utvikle lokalmiljøet. Han har ei heilt spesiell evne til å bygga gode lag.

Trass sin unge alder, har Erlend Fardal Lunde hatt fleire leiarrollar. Direktør ved fleire hotell, restaurant- og pubetableringar, eigedomsutvikling og kommunepolitiker er oppgåver Erlend kan visa til.

Det er sjeldan eg har møtt ein so samfunnsengasjert leiar som har so sterkt ynskje og evne til å utvikle. I sitt leiarskap har han og vist at det er viktig å gi alle ein moglegheit. Rekruttert og posisjonert.

Pris

Ta en prat?