Styrk di bedrift med Favna Sogn
Leiarkurs, organisasjonsutvikling, rådgjeving og prosjektleiing for di bedrift i Sogn frå januar 2025
Kickoff for Favna Sogn
Favna Sogn
Favna si viktigaste oppgåve, er å samla mennesker og bedrifter, som ønskjer å skapa verdi for seg sjølv og for kvarandre. Konsepta våre er basert på innsikt og det omgjevnadane faktisk har behov for. Gjennom tenestene våre skapast business, samarbeid, relasjonar, læring og personleg utvikling. Våre tenester er eigna for bedrifter i både offentleg og privat sektor.
Favna Sogn tilbyr:
- leiarkurs
- leiarutvikling
- organisasjonsutvikling
- prosjektleiing
- rådgjeving
- føredrag
- konferansiertenester
Våre tenester
Favna Sogn vert leia av Erlend
Med Erlend Fardal Lunde i spissen etablerer Favna seg i Sogn frå januar 2025, der me tilbyr leiar- og organisasjonsutvikling, leiarkurs, rådgjeving og prosjektleiing. Me slår saman med noko som fungerer i Bergensregionen, med noko som fungerer i Sogn.
Med kompetansane til Fardal Lunde, Åshild Mongstad og Jøri Horverak, vil Favna Sogn tilby tenestene sine til bedrifter i Sogneregionen. I august 2025 startar me opp eit lokalt leiarkurs, men allereie frå januar vil Fardal Lunde, Mongstad og Horverak kunne bidra lokalt i di bedrift, med ulike tilnærmingar.
Om Erlend
Erlend Fardal Lunde har solid erfaring som leiar etter 15 år med ulike leiarstillingar, leiarverv og styreverv. Hovuddelen av arbeidslivet har Erlend hatt i hotellbransjen. Han har mellom anna ni år som hotellsjef og hotelldirektør i Nordic Choice Hotels, frå Sogndal via Sandnessjøen i Nordland, til Bergen. Utover dette har Erlend mellom anna erfaring frå daglegvarebransjen, eigedomsbransjen og opning av eit vitensenter som dagleg leiar.
Erlend har dei siste åra etablert seg i Sogn, og brenn for utvikling av lokalsamfunnet og regionen. Med sin skaparvilje har Erlend vore gründer av ulike satsingar. Til dømes ein ny musikkfestival, eit nettverk for unge og ambisiøse, og deltek i politisk arbeid.
Erlend er brennande engasjert i leiarskap og utvikling av menneske! Han har vore etterspurt som føredragsholdar der han mellom anna nyttar si reise som «ustudert røvar», frå resepsjonist til hotelldirektør for å motivera andre.