Om oss

Relasjonsbygging, læring, utvikling og verdiskaping – satt i system.

I Favna samlar me menneske og bedrifter i regionen til relevante og skapande møteplassar. I Favna vil me tilretteleggja for fagleg utvikling, erfaringsutveksling, samarbeid og andre synergiar mellom menneske og bedrifter.
Fra venstre: Markeds- og kommunikasjonsansvarlige Susanne Ørbeck og Grunderne Lars Petter Mongstad og Monica Sandvik

Om Favna

Favna er eit selskap med hovudkontor i Bergen. Er det noko Favna brenn for, så er det å samla folk. Me elskar å samla menneske, både i jobbsamanheng og i private settingar. Hensikta kan variera. Det kan vera nye opplevingar, aktivitet, konkurransar og leik, men òg ny læring og utvikling. Så kvifor ikkje ta denne lidenskapen og tilføra eit skapande element, skreddarsydd for noko som kan gi verdi for bedrifter?

Favna vil bli framtidas nettverksarena, der ein tek «nettverking» til eit nytt nivå. Der ein er nære, samlande og skapande. Gjennom god innsikt, forståing og god tilrettelegging, vil me utfordre det tradisjonelle og etablerte. Me ønskjer å fasilitere våre fellesskap i eit meir moderne format.

“Hva er vel mer meningsfullt enn å kunne bidra til at andre lykkes?!”
Monica og Lars Petter
Gründerne av Favna

Favna Sogn vert leia av Erlend

Erlend Fardal Lunde har solid erfaring som leiar etter 15 år med ulike leiarstillingar, leiarverv og styreverv. Hovuddelen av arbeidslivet har Erlend hatt i hotellbransjen. Han har mellom anna ni år som hotellsjef og hotelldirektør i Nordic Choice Hotels, frå Sogndal via Sandnessjøen i Nordland, til Bergen. Utover dette har Erlend mellom anna erfaring frå daglegvarebransjen, eigedomsbransjen og opning av eit vitensenter som dagleg leiar.

Erlend har dei siste åra etablert seg i Sogn, og brenn for utvikling av lokalsamfunnet og regionen. Med sin skaparvilje har Erlend vore gründer av ulike satsingar. Til dømes ein ny musikkfestival, eit nettverk for unge og ambisiøse, og deltek i politisk arbeid.

Erlend er brennande engasjert i leiarskap og utvikling av menneske! Han har vore etterspurt som føredragsholdar der han mellom anna nyttar si reise som «ustudert røvar», frå resepsjonist til hotelldirektør for å motivera andre.

Teamet

No er me fire tilsette i Favna, éin i Sogn og tre i Bergen. Me er like på mykje, men har òg forskjellige kvalitetar og ferdigheiter, som gjer oss meir komplette som team. Alle har i ulik grad vore aktive «nettverkarar» i mange år. Erlend har, som hotelldirektør, delteke og fasilitert møteplasser i fleire business-nettverk i Sogn, Bergensregionen og Nord-Norge. Monica og Lars Petter har tidlegare fasilitert eit business-nettverk, og eit «leiarforum» frå tida si i Sportsklubben Brann. Me har alle erfart korleis «nettverking» og verdiskaping kan fungera bra, og kva som må til. Me har òg opplevd det motsatte.

Sogn

Erlend Fardal Lunde
Leiar Favna Sogn
Mobil: +47 464 28 741
erlend@favna.no

Sterkt samfunnsengasjert,
hotellnerd og fotballidiot

Erlend er spesielt glad i å skapa. Han er nyfiken, ivrig og engasjert. Elskar ein god prat, og seier sjeldan nei til ein utfordring. Med sin rausheit og auge for samarbeid og utvikling, er han klar for spennande dialogar i Sogn.

Bergen

Monica Sandvik
Gründer og relasjonsbyggar
Mobil: +47 416 61 644
monica@favna.no

Fjellgeit og stolt sogning
(nynorsk-alibiet i Bergen)

Monica er spesielt god med menneske. Ho har ein varme, rausheit og ibuande nyfikenheit. Ho likar å utforska, læra, og ta ansvar. Med struktur og handlekraft får ho ting til å skje. For seg sjølv og for andre.

Lars Petter Mongstad
Gründer og relasjonsbyggar
Mobil: +47 474 14 884
larspetter@favna.no

Livsglad bergenser som elskar å konkurrere!

Lars Petter får moglegheita til å vera kreativ og utforska nye moglegheiter. Han er ærleg, leiken og handlekraftig. Han løftar gjerne andre, og syns det er ekstra spennande å bidra med nye diear og moglegheiter.

Susanne Nagelsen Ørbeck
Marknads- og kommunikasjonsansvarleg
Mobil: +47 941 266 95
susanne@favna.no

Aktiv og sosial livsnyter som er
altfor glad i å reise!

Susanne si sprudlande personlegheit og energi er gull verdt. Nyfiken, lærevillig og eventyrlysten. Favna nyt godt av hennar kompetanse innan marknadsføring og kommunikasjon.

Besøksadresse

Campus Sogndal
Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Hovudkontor

V39
Vaskerelven 39, 5014 Bergen

Vil du vite meir om Favna?

Du er hjarteleg velkomen til å bli betre kjend med oss i Favna, og sjekka ut kva fellesskap, nettverk eller utviklingsmoglegheiter som fins for deg og di bedrift.