Leiarskap og organisasjonsutvikling i Sogn og Fjordane
Få fram det beste i organisasjonen din
Favna Sogn leverer skreddarsydd utvikling til di bedrift innan leiarskap, prestasjon og organisasjonskultur.

Kva er leiarskap og organisasjonsutvikling?
For dei fleste organisasjonar vil dei menneskelege ressursane framleis vere dei viktigaste. Det er difor essensielt å leggja til rette for trivsel, motivasjon, fungerande samarbeid og gode prestasjonar på arbeidsplassen. Favna tilbyr ressurspersonar som kan bidra med dette til di bedrift. Det handlar i stor grad om å få fram det beste i enkeltmenneske og i fellesskapet. Oppdrag frå Favna kan omfatte heile organisasjonen, avdelingar, team, HR-ressursar, leiarar eller leiargrupper.
Med leiarskap og organisasjons- utvikling kan du få
Utvikling og betring av organisasjonskulturen i bedrifta di
Internt leiarutviklingskurs
Coaching og mentoring for leiarar og HR-ressursar
Hjelp til konflikthandtering
Bistand og rådgjeving i krisesituasjonar
Relevant bistand til HR-ressursar
Verdifull rådgiving og veiledning



Slik fungerer det
Kartlegging og målsetting
Me startar med ein uforpliktande prat rundt eit reelt behov og ønska resultat i organisasjonen din. Kartlegginga belyser bedriften sine utfordringar, forbetringspotensiale og moglegheitsrom. Når behovet er forstått, og tilstrekkeleg innsikt er gitt om situasjonen, vil me gjera ei vurdering på korleis dette kan løysast best mogleg. Me avklarar òg kva som er ønskt resultat eller framtidsmål.
Løysingsforslag
I eit løysingsforslag vil me presentera korleis me ser for oss å bidra på best mogleg måte. Forma, innhaldet, rammene, framgangsmåten, formålet og aller helst med eit resultatmål som er målbart.
Gjennomføring
Oppdraget vert sett i gong. Alt dokumenterast og framdrift skjer etter plan. Det er smart å gjera fortløpande vurderingar og evalueringar undervegs, for å sikra at den opphavelege planen framleis er beste veg til målet. Nokre gonger er det hensiktsmessig å justera litt på vegen.
Evaluering
Ved å gjera evalueringar undervegs, er det enklare å gjera ein heilskapsvurdering ved endt oppdrag. Det gjerast ei vurdering av prosessen, metoden og Favna sin fagressurs, opp mot framtidsmål.