Konferansier og føredrags­holdar

Fagleg og motiverande innhald til ditt arrangement

Erlend Fardal Lunde har erfaring som både konferansier og føredragsholdar. Han tilpassar produkt og innhald til ulike publikum.

Erlend Fardal Lunde på scena

Erlend skapte si eiga karriere frå resepsjonist til direktør etter at han ved ein tilfeldigheit hamna i hotellbransjen. Føredraga tek deg med på ei reise i tid frå ambisiøs ungdom utan retning, til å verta ein av landet sine yngste hotelldirektørar. Innhaldet inspirerar og utviklar deg uavhengig av ditt utgangspunkt.

Erlend er også ein engasjert konferansier. Han har erfaring frå alt mellom personalsamlingar til større kommersielle samlingar. Fokuset hans er å skapa ei felles forståing for kva som er viktig for deg, halda den raude tråden og skapa ei best mogleg ramme for dagen.

Konferansier

No items found.

Føredrag og Konferansier­oppdrag

Føredrag: Leiarskap i praksis

Leiarkvardagen kan ein ikkje læra seg gjennom teori. Den må opplevast, følast og erfarast! Leiarskapet ditt formast av alle erfaringar du tek med deg frå din første dag på jobb som leiar. Det er ein vanlig, men stor feil å tru at ein kan alt når ein startar på sitt leiarskap.

Dette foredraget gir deg eit innblikk i den praktiske kvardagen som leiar og fokuserer på det du ikkje finn i teoribøkene. Leiarskap i praksis skal gi deg, enten du er ny eller erfaren som leiar, nyttige verktøy og inspirasjon – og kanskje mot til å ta steget om du ønskjer å bli leiar!

* Føredraget kan tilpassast din tid og dine behov knytt til bodskap, men har ei ideallengde på 45 minutt.

Føredrag: Tilfeldigheitene som formar ei karriere

Det er ikkje mogleg å detaljplanlegga livet, men det er likevel mogleg å setja seg sjølv i posisjonar slik at tilfeldigheitene peikar din veg. Eg deler mi eiga historie – frå skule, via eit halvt år i sjukemelding, og vegen frå resepsjonist til direktør utan formell utdanning – for å motivera og inspirera andre.

Foredraget er gjennomført mange gonger for NAV sine kontor i Bergen og har bidrege til å gi motivasjonen tilbake til dei som treng den mest.

* Føredraget kan tilpassast din tid og dine behov knytt til bodskap, men har ei ideallengde på 45 minutt.

Standard konferansieroppdrag

Erlend kan bidra som konferansier på ein allereie detaljplanlagt konferanse. Utgangspunktet for standard oppdrag blir å halda flyten i programmet, styre tida, utarbeide intro/ekstro. I tillegg gjennomfører han eventuelle panelsamtalar og dialog med dei på scena og publikum.

Utvida konferansieroppdrag

Utover standard oppdrag kan Erlend ta på seg utvida ansvar som konferansier. Her under oppsett av detaljert program, tidsplan, dialog med innleiarar utover det som normalt er naudsynt i forkant av arrangementet.

Våre ressurspersoner

No items found.

Lyst å ta ein prat?

Referansar

Bjørn Lødemel

Sogn og Fjordane Næringsråd

“Sogn og Fjordane Næringsråd er godt nøgd med det samarbeidet vi har hatt, og særleg det arbeidet Erlend gjorde med planlegging og gjennomføring av Generalforsamlinga vår på Kviknes Hotel i Balestrand i mai 2024. Der var Erlend både programleiar og leia dei politiske debattane på ein god, effektiv og konstruktiv måte.”

Idunn Litleré Brodahl

NAV Sogndal // Region Sogn

"Vi hadde gleda av å ha Erlend som konferansier for NAV region Sogn si fellessamling 2.desember 2021 på Quality Hotell Sogndal.  I tillegg til å leie dagen omfatta det også planlegging og dialog med både programkomité, innleiarar og hotell.

Attendemeldingane frå deltakarane på samlinga har vore udelt positive, og vi samarbeider gjerne med Erlend ved fleire høve.”

Wenny Irene Hansen

NHO Vestland

"Treng du ein flink foredragshaldar eller konferansier er Erlend eit godt val. Erlend leia rekrutteringskonferansen vår på ein framifrå måte. Han er profesjonell og det er lett å samarbeide med Erlend både før, under og etter oppdraget. Han tar utfordringar på strak arm, er engasjert og er ein dyktig formidlar som inspirerar publikum og bidreg til god stemning.”

Pris

Føredrag

frå 15.000,- eks. mva. og reisekostnadar

Konferansieroppdrag

frå 20.000,- eks. mva. og reisekostnadar.

Ta en prat?