Partnarar

Her finn du ei oversikt over samarbeidspartnarane våre – både kommersielle og faglege partnarar.

Kommersiell partnar

Motivati - Sogn

Motivati og Favna samarbeidar for å bidra til endå betre arbeidsdagar for folk på Vestlandet. Motivati gir deg innsikt i kva dei tilsette treng for å trivast og prestere på jobb. Ved hjelp av Motivasjonsanalysen™ og andre nyttige undersøkingar hjelper verktøyet deg med å identifisere utviklingsmoglegheiter på arbeidsplassen og i den viktige medarbeidarsamtalen.

Faglige partnarar

Åshild Mongstad - Sogn

Åshild Mongstad hjelper deg som leiar med å forstå deg sjølv og ditt leiarskap betre. Som organisasjons- og leiarutviklar tilbyr Åshild innsikt, verktøy og prosessar som fremjar utvikling, samarbeid og suksess i organisasjonar.

Jøri Gytre Horverak - Sogn

Jøri Gytre Horverak bistår bedrifter og organisasjonar med mellom anna leiarutvikling, arbeidsmiljøutvikling, handtering av konfliktar og kriser, samt varslingssaker. Ho er også ein ettertrakta føredragshaldar.

Ta en prat?