Jøri Gytre Horverak

Jøri Gytre Horverak fra Sense bistår bedrifter og organisasjonar med mellom anna leiarutvikling, arbeidsmiljøutvikling, handtering av konfliktar og kriser, samt varslingssaker. Ho er også ein ettertrakta føredragshaldar.

Leiarutvikling

Jøri gir leiarar auka forståing for leiing og praktisering av leiarrolla. Ho hjelper leiarar med å avdekke, og ikkje minst handtere, både kortsiktige og langsiktige utfordringar knytt til rolla. Ho kan jobbe med enkeltleiarar eller leiargrupper, anten gjennom eit skreddarsydd program over tid eller som rettleiing og støtte i kortare periodar. Med si breie erfaring tilpassar ho seg ulike situasjonar og behov. Ho samarbeider godt med alle typar leiarar.

Arbeidsmiljøutvikling

Jøri hjelper organisasjonar i ulike situasjonar, som til dømes under endringsprosessar, utfordringar i arbeidsmiljøet, vekst- eller nedbemanningsprosessar. Ho kan og bistå med oppfølging av medarbeidarsamtalar, handtering av stress og sjukemeldingar – eller andre utfordringar.

Det finst mange måtar å støtte di bedrift på. Nokre gongar passar det med heildagssamlingar og workshopar, andre gongar kan bistand over eit lengre tidsrom vere meir effektivt. Ofte kan desse kombinerast. Jøri er opptatt av at di bedrift skal stå styrka etter eit samarbeid, samtidig som ho hjelper organisasjonen med å bli betre rigga for liknande situasjonar i framtida. Det vil difor bli gjennomført ein grundig evalueringsprosess, med refleksjon og læring frå både prosessen og metoden.

Jøri kan bistå med mellom anna:

Jøri si bakgrunn

Jøri Gytre Horverak har lang erfaring og høg utdanning innan leiing og psykologi.

Ho har leiarutdanning frå Forsvaret og har vore tilknytt Forsvaret i ei årrekkje, mellom anna som ein del av Forsvarets psykolog-pool. Denne verdifulle erfaringa har ho tatt med seg vidare inn i arbeidslivet.

Etter tida i Forsvaret vidareutdanna Jøri seg som psykolog og tok ein doktorgrad innan organisasjonspsykologi. Kombinasjonen av psykologi- og leiarutdanning set Jøri i ei unik posisjon til å gje råd og støtte til bedrifter.

I dag er Jøri medeigar i Sense Psykologi & Konsulenttjenester AS

Jøri har ein personlegheit som skapar tillit og tryggleik. Ho er lyttande, varm og behageleg å samtale med. Ho er særleg dyktig til å fasilitere krevjande tema og handtere dei vanskelege samtalane.

Lurar du på kva Jøri kan gjera for di bedrift?