Åshild Mongstad

Åshild Mongstad hjelper deg som leiar med å forstå deg sjølv og ditt leiarskap betre. Som organisasjons- og leiarutviklar tilbyr Åshild innsikt, verktøy og prosessar som fremjar utvikling, samarbeid og suksess i organisasjonar.
Leiarutvikling
Gjennom å jobbe både praktisk med leiing og å undervise i leiing, er Åshild oppteken av gapet som finst mellom det idealiserte biletet av leiarar i leiingsteorien og kvardagen leiarar faktisk står i. I Åshild sitt arbeid inviterer ho den enkelte til å stoppe opp, utvikle innsikt og forstå seg sjølv og sitt eige leiarskap betre. Ho arbeider ut frå eit styrkebasert perspektiv, der ho fokuserer på ressursar og potensial.
Utvikle samspelet mellom menneske
Åshild er særleg oppteken av samskaping mellom menneske, anten det handlar om endringsprosessar, kommunikasjon, innovasjon eller utvikling. Metodane hennar kombinerer praktiske og strategiske tilnærmingar, der refleksjon blir brukt både som perspektiv og verktøy for å bygge sterke leiargrupper og sunn organisasjonskultur. Arbeidet hennar blir tilpassa kvar organisasjon sine unike behov, med mål om å levere varige resultat som fremjar vekst, trivsel og meiningsfulle relasjonar.
Åshild kan bidra med:
- Leiarutvikling
- Organisasjonsutvikling
- Endringsprosessar
- Kurs og foredrag
- Workshopar
Kurs og føredrag
- Leiing på framtidas arbeidsplass (Fokus på meir menneskeleg leiing)
- Verdien av å stoppe opp i arbeidet ditt/leiarskapet ditt
- Forandring frydar – sanning eller myte?
- Å leie i usikkerheit
- Arbeidsglede
- Forskningsprosjektet «Korleis kan vi bekjempe dårleg leiing?»
- Kvifor er det så vanskeleg å snakke om makt?
- Den vanskelege samtalen
- Å gå frå gruppe til team

Åshild si bakgrunn
Åshild Mongstad er utdanna sjukepleiar og sosialantropolog. Ho jobbar som høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania og underviser i fag som endringsleiing og innovasjon, leiarutvikling, samt leiing og samspel. I tillegg har ho undervist på etter- og vidareutdanning i leiing ved Høgskulen på Vestlandet i ei årrekkje. Tidlegare har ho arbeidd innan akuttpsykiatri og som konsulent i selskapa Mind og Lent, og har med seg praktisk erfaring innan tema ho held foredrag om.
Åshild si bakgrunn

Åshild Mongstad er utdanna sjukepleiar og sosialantropolog. Ho jobbar som høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania og underviser i fag som endringsleiing og innovasjon, leiarutvikling, samt leiing og samspel. I tillegg har ho undervist på etter- og vidareutdanning i leiing ved Høgskulen på Vestlandet i ei årrekkje. Tidlegare har ho arbeidd innan akuttpsykiatri og som konsulent i selskapa Mind og Lent, og har med seg praktisk erfaring innan tema ho held foredrag om.
Åshild er aktuell med boka si, «Refleksivt leiarskap – På tide å stoppe opp», som kom ut i mars 2022. Boka handlar om dei menneskelege sidene ved å leie seg sjølv og andre i vår travle og digitale verd, der både arbeidslivet og vi sjølve stiller store krav.
Ho er positivt nysgjerrig på deg som menneske. Gjennom si evne til å stille treffande spørsmål, opnar ho ofte opp nye tankerekkjer og set deg i refleksjonsmodus. Kanskje utfordrar ho deg på noko du «alltid» har gjort, men aldri har reflektert over?