Leiarkurs i Sogn og Fjordane
Bli tryggare i deg sjølv og ditt leiarskap!
Delta på leiarkurset vårt i Sogn. Leiarkurset byggjer på dine styrkar og verdiar. Her utforskar du ditt leiarskap gjennom teori, praktisk trening, sparring og refleksjonar.

Leiarkurset har fokus på å styrka deg som leiar
Kurset kan sjåast på som eit leiarskapslaboratorium, der du får testa det teoretiske i din praktiske kvardag. Gjennom rettleiing, eigenrefleksjon og sparring med andre leiarar i programmet, kan du justera og utvikla deg i leiarrolla.
Målet er at du skal byggja din eigen leiarskapsfilosofi, slik at du står tryggare i deg sjølv og ditt leiarskap.
Leiarkurset er utvikla og levert av Åshild Mongstad ved Høyskolen Kristiania
Gjennom leiarkurset får du
Bli betre kjent med deg sjølv som leiar
Utvikla tryggheit, styrke og forståing av leiarrolla di
Utforska potensialet i korleis du kan leia andre best mogleg
Bli betre kjent med viktigheita av tankesett og mentalisering
Identifisera dine fokusområde som du ønskjer å vidareutvikla i programmet
Byggja din eigen leiarskapsplattform (prinsipp og styringsverktøy)



Slik fungerar leiarkurset
Det heile startar med ein felles samling for alle kursdeltakarar. Deretter vil programmet gjennomførast i mindre grupper, med 6-8 leiarar frå ulike bedrifter i kvar gruppe. Me syt for relevant samansetjing av gruppene, og di gruppe vil bestå gjennom heile kurset. Med den tverrfaglege samansetjinga av leiarar, legg me til rette for diskusjonar med ulike perspektiv og erfaringar.

1. Kickoff
Det heile startar med eit kickoff, der du får sett deg inn i den faglege litteraturen som ligg til grunn for programmet. Her får du møta Åshild Mongtad og me blir betre kjende med kvarandre. Saman gjer me ei forventningsavklaring, og går gjennom ei styrkekartlegging.

2. Døgnsamling
Me samlast i vakre omgjevnadar, til døgnsamling frå frukost til lunsj neste dag. Her har me fokus, går i djupna på verdikartlegging og jobbar med den enkelte sin leiarskapsfilosofi. Me er i eit utforskingsmiljø, der me jobbar med praktiske øvingar. Me får testa, prøva og reflektera i grupper. På kvelden hygger me oss saman, og delar eit godt måltid.

3. Refleksjonslab
Utover hausten blir det tre samlingar, refleksjonslabbar, der du utforskar leiarskapet ditt ytterlegare. Du tek i bruk det du har lært om deg sjølv og leiarskapet ditt. På samlingane møter du gruppa di, der de deler erfaringar, reflekterer og får rettleiing.Mellom kvar samling blir det lagt opp til refleksjon og praktisk trening på arbeidsplassen.
Lyst å ta ein prat?
Referansar
Geir Nedrebø
"Har denne hausten fått anledning til å stoppe opp og utforske både meg sjølv og mitt lederskap saman med Åshild, og resten av gjengen i den første gruppa i Favna sitt lederutviklingsprogram. For en reise det har vore. Sit att med mange inntrykk og mykje lærdom. Kjenner du deg litt utrygg i deler av lederrollen, eller er du på søken etter ny lærdom og refleksjonar? Ikkje nøl med å meld deg på!"
Gro Hjartholm
"Lederkurset med dyktige Åshild Mongstad anbefales på det varmeste. Hun har en sterk tilstedeværelse, intuitiv forståelse og gir personlig og direkte coaching med stort hjerte. Den faste gruppen gjennom alle samlingene ble uvurderlige samtalepartnere gjennom hele kurset og etterpå."
Deltaker 2023
"Eg har gjennom meir enn 20 år i samme selskap fått anledning til å ta fatt på nye utfordringer. Dette hovedsakelig på bakgrunn av brei erfaring og fagkunnskap. Som leder, utan lederutdanning, kjente eg på behovet for å auke min kompetanse i lederfaget. Eg ønskte å fylle på «verktøykassen» med gode lederverktøy, samt å bli tryggare i rollen som leder.
Som tilflytta bergenser såg eg òg verdien av å styrke mitt ledernettverk i regionen.
Å ha fullført lederprogrammet til Favna har gitt meg stor verdi. Programmets mantra om å stoppe opp og reflektere har eg tatt med meg både i arbeid- og privatliv. Å forstå at det ikkje nødvendigvis finnast ein verktøykasse, men heller å forstå at det er positiv psykologi og samhandling mellom mennesker som dannar grunnsteinar i godt lederskap. Åshild har fantastiske egenskaper som menneskekjenner og utvikler, og har lykkast i å skape ein arena der åpenhet og engasjement falt alle naturleg. Samtlige i gruppa delte og bydde på seg sjølv trygt veileda av Åshild.
Godt lederskap handlar om å forstå sin eigen og andre sin adferd. Den einaste måten å trene på dette er å stoppe opp og reflektere.
Takk til Åshild, Favna og alle på gruppen!"
Lene Christine Sørensen Sundfør
"Anbefaler dette lederkurset med Åshild og Bård på det varmeste. Det inneholder en nydelig kombinasjon av erfaringsutveksling, teori, selvrealisering gjennom coaching, og ikke minst bekjentskap med andre dyktige ledere. Det finnes mange fine kurs for ledere, men få som gir reell nytteverdi i hverdagen."
Marion Børnes
"Gjennom fokus på å utvikle min personlige lederplattform har programmet hjulpet meg med å bli mer bevisst mine styrker og verdier. Denne bevisstheten har gjort meg tryggere som leder, og den har gitt meg et godt fundament å bygge min lederstil på. Programmet balanserer teori og praksis på en god måte, og jeg opplever at jeg nå er bedre rustet til å håndtere utfordringer, samt forstå hvordan jeg påvirker mine omgivelser og motsatt. Erfaringsutveksling og nettverksbygging med andre ledere i programmet har også vært verdifullt. Anbefaler programmet for de som ønsker å styrke sin lederidentitet."
Pris
kr. 54.500,- eks mva
Inkluderer:
• Strenghtscope-kartlegging frå Lent
• Bestselger-boka "Refleksivt Lederskap" av Åshild Mongstad
• Alle kostnadar knytt til samlingar, bevertning og opphold til døgnsamling
Varigheit frå september til januar
Moglegheit for vedlikeholdsmodul etter endt program